- Kven skulle tru at eg hadde vunne!?

Oline Ertesvåg og Vebjørn Reitan frå Hareid vann Bygger’ns takkonkurranse i 2020, der die fekk 150 kvadratmeter med BMI AeroDek-tak. Endeleg er det kome på plass.

Ertesvåg kjøpte huset sitt på Hareid i 2018 og bretta straks opp erma klar for ein stor jobb med å renovere heile huset, som er bygd i 1972.

- Eg har hatt mykje god hjelp i frå familie, venner og sambuaren min. Vi har nesten renovert ferdig heile huset innvendig og gjort alt vi kan sjølve. Det har absolutt vore hardt og mykje å gjere med både jobb og vidareutdanning på sidan, men vi har jo klart det ganske so bra vil eg seie, forteljar Ertesvåg.

Tok sjansen – og vann

Då dei hadde gjort ferdig den største jobben innvendig, sto taket neste på lista, då det hadde vore litt lekkasje frå pipa tidlegare.

Då passa det veldig bra at Bygger’ns konkurranse i samarbeid med takprodusenten BMI dukka opp på Facebook.

- Eg tok sjansen og skreiv eit lite foredrag om kvifor nettopp vi trengde nytt tak og posta dette. Å kven skulle tru at dei ringde meg nokon månadar seinare å sa eg hadde vunne!?

Ståltakpannene BMI AeorDek er utvikla for å tåle ekstremver, og er markedets originale og mest utprøvde ståltakpanner. Takpannene er svært lette i vekt, og heile taket får plass på éin pall. Dei er dermed enkle å handtere og montere, og eit godt val for rehabiliteringsprosjekter. AeroDek leverast i 12 ulike farger og stilar, og passer til både moderne og tradisjonelle hus og hytter. Med BMI AeroDek er du sikra eit trygt og langvarig tak, med gode garantiar og markedets beste vilkår.

Då sigeren var i hamn var det berre å dra til Bygger’n Hareid og velje tak og material die trengte. Bygger’n leverte heilt til døra, men det tok ekstra tid då Covid-19 og barkebillen i Canada banka på døra og spolerte litt.

- Vi har hatt ei  god oppleving av kundeservice hos Bygger’n Hareid, både av dagleg leiar Arleen Løseth som har svart på alle spørsmål vi har lurt på, og frå Magnar Hovden som alltid har møtt oss på lageret med eit smil. Han har svar og løysningar på alt, seier Ertesvåg.

Prosjekt tak

Dei måtte rive halve taket heilt ned til bjelkelaget då mykje av taket var råte. De hadde ikkje nokon tidlegare erfaring med dette, men ein lærer mykje etter kvart. Det vart litt av ein prosess å skulle rive det gamle taket, men dei fekk vekk shingelen og bygde opp igjen det meste.

- Eg trur ikkje vi hadde klart det om det ikkje var for vener og familie som verkeleg stilte opp for oss. Vi brukte heile sommaren på dette og all tid etter jobb.

Med god brukarveiledning frå AeroDek fekk dei lagt taket. Utfordringane kom med pipa på slutten. Med null fagleg erfaring og eit håp om eit totalt tett tak so fekk dei tips og hjelp av eit handverkar-firma.

- Og no står vi her i november, eit år seinare, med eit fantastisk nytt tak og kan vere sikker på at det held seg slik i mange år framover, forteljar eit nøgd sambuarpar Oline Ertesvåg og Vebjørn Reitan.

Dei fekk blomster og besøk frå Arleen Løseth då taket sto ferdig.

-Dette husprosjektet var eit av dei første eg fekk, etter at eg starta som dagleg leiar på Byggern Hareid, og det har vore ekstra kjekt å følgje dei. Eg har fått ein fantastisk god service frå John Inge Wold som er salssjef hjå BMI Norge, til å bistå vinnarane av konkurransen. Sunnmøre er eit veldig verutsatt område, og eg er ikkje i tvil om dei har lagt rett type tak på huset sitt. Veldig kjekt å kunne hjelpe folk i lokalområdet vårt på Hareid, sier Løseth.

 

Opprettet
19.12.2022
Oppdatert
19.08.2024

Andre artikler

Det kan koste deg dyrt å gi blaffen i taket

Tips om stell av taket

Et nytt tak gi deg en kraftig verdistigning på huset, men det er viktig at det blir gjort på profesjonell måte.

Hold taket rent

Slik varer taket lengre

Taket har ikke godt av å bli mosegrodd. Det gir ikke alltid så store skader, men mosen holder på fuktigheten og kan gi frostspreng når kulda setter inn - levetiden vil da reduseres på tekkingen.

Velg riktig tak til huset ditt

Velg riktig tak til huset ditt

Det finnes en rekke ulike materialer å velge mellom for deg som skal legge nytt tak. Pris og utseende er viktige kriterier for valg, men vekt, antatt levetid, vedlikehold og mulighet for reparasjon bør også spille inn.

Har du istapper fra taket?

Har du istapper fra taket?

Istapper hengende ned fra taket kan skyldes to ting; enten er isolasjonen eller utluftingen for dårlig, eller begge deler.

Ta vare på taket

Slik ivaretar du taket

Vedlikehold av tak er svært viktig. Dessverre blir dette ofte nedprioritet til fordel for oppholdsrom og fasade, noe som fort kan bli en kostbar affære.

Icons/Large/Chat